Sluppen GFKL
Foto: David Aasen
Sluppen GFKL spelar noko i retning av alternativ folk med eitt bein i tradisjonsmusikken i Trøndelag og på Nordmøre, og eitt med tærne dyppa i alt frå grunge til visepopp. Bandet kombinerer slåttar, stubbar, salmetonar og skråblikk med ulike musikalske stiltrekk i eit leikent uttrykk.
Med musikarar bevandra i jazzen, folkemusikken, kyrkjemusikken og punkrocken byr dei på nye og nygamle låtar i kryssingspunkta mellom tradisjon og ein oppvekst i meir eller mindre urbane strok på seint 90-tal.
Erlend Haseth (gitar), Ragnhild Nelvik Bruseth (bass, gitar), Maren Barlien - perm (synth, harmonium, koring), Frank Hannasvik (trommar, koring), Runa Kvalsund (vokal, banjo), Ellie Aurora Mäkela (bratsj, tangentar)
Konsertar vår 2026
Bachelorkonsert ved Noregs musikkhøgskule 06.06.26, Levinsalen kl. 17.10. Gratis!
Konsert på Antikvariatet i Trondheim 24.06.26 support for Bare Folk, kl. 20. Billettar 200,-/100,-: https://fb.me/e/4dkdJ9tUk
Konsertar haust 2026
Spele på bok-turné i Oslo
28.08. Konsert & konversasjon på Cappelens forslag. Med Sverre Thorstensen og småforlag. Kl. 19
05.09. Folkemusikk & folkeeventyr om grafokorden på Deichman Furuset. Med Sofia Knudsen Estifanos. Kl. 13
05.09. Musikk & politikk på Anarres bokkafés bokmesse på Deichman Grünerløkka. Kl. 14.45
18.09. Musikk & nynorsk lyrikk på Nynorsk bokhandel med Maskros, Svevngangar og poetar frå Det norske Samlaget. Kl. 19
19.09. Folkemusikk & folkeeventyr om grafokorden på Rødvet seniorsenter. Med Sofia Knudsen Estifanos. Kl. 11
09.10. Musikk & gjendikta lyrikk på Samvirkelaget Rosa bøker. Med Tidsskriftet Mellom + TBA. Kl. 19. Les meir: https://tidsskriftetmellom.no/2026/05/25/bidra-til-eit-musikalsk-omdiktningsprosjekt/
DATO TBA.Dattera til Hagen i Oslo, med Hersleb visekollektiv + TBA. Kl. 20
Prosjektet er støtta av Oslo kommune!